Side:Tolstoi-boki.djvu/36

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


Men Martin reiste koppen upp att og fyllte han ein gong til. »Drikk du berre, det er deg væl unt,« sa han.

»So tenkjer eg so ofte paa korleis Vaarherre og frelsar den gongen han vandra her paa jordi ikkje helt seg for god til aa ha umgang med kven som helst. Han tok seg tilmed mest av simple folk, og flestalle av disiplarne valde han millom folk av vaart stand, millom arbeidsfolket — syndarar som du og eg. »Den som set seg sjølv høgt han skal setjast laagt, og den som set seg sjølv laagt, han skal setjast høgt. De kallar meg herre, seier han, men eg tvaar føterne daare. Den som vil vera den fyrste, seier han, skal verta den siste. Sæl er dei fatike, dei taalmodige, dei fredsæle, dei barmhjartige.«

Stepanitsch hadde reint gløymt teen sin. Gamal som han var, og mjuk um hjarta, trilla taarorne der han sat og høyrde paa Martin.

»Drikk litt til,« sa Martin til han. Stefànitsch korsa seg andegtigt, men skuva koppen fraa seg, reiste seg og sa:

»Du skal rett ha takk, Martin Avdéjitsch for god traktering. Du hev metta meg baade paa sjæl og kropp.«

»Sjølv takk. Sjaa innum ein annan gong. Du skal vera vælkomen,« sa Martin.

Stepànitsch gjekk. Martin skjenkte upp i koppen sin det som att var av teen, drakk det, sette testellet tilside, og tok til aa arbeida att.