Side:Tolstoi-boki.djvu/35

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

ventar eg ingen; men det er eit ord eg ikkje kan faa ut av tankarne. Um det var eit syn eg hadde, elder kva det var, det veit eg ikkje sjølv. Ser du, eg sat iaftes og las i testamentet um Vaarherre Jesus Kristus og um kor han leid daa han vandra her paa jordi. Du hev høyrt det, kan eg tru?»

«Ja, eg hev nok høyrt det,» svara Stepànitsch, «men eg og mine likar hev ikkje lært aa lesa.»

»Ja, det var altso det eg sat og las um, korleis Jesus vandra her paa jordi, og kor han kom til farisæaren, og kor den rike farisæaren ikkje skyna aa ta imot han paa rette maaten. Ser du, det var just det eg sat og tenkte paa igaarkveld kor det kunne gaa til at dei ikkje viste Vaarherre og Frelsar den æra dei skulde. Hadde det hendt meg elder ein annan, so meiner eg ein hadde kje visst alt det gode ein vilde gjera. Men han tok ikkje engong imot han paa den rette maaten. Ser du, med eg sat og grona paa dette kom svevnen over meg, og som eg sit der og blundar so høyrer og einkvan ropa paa meg. Eg reiser meg upp og det var plent som einkvan hadde kviskra til meg: imorgo kjem eg. Dette tok seg upp att eingong til. Vil du no tru meg, eg kan slett ikkje faa det ut av mine tankar. So dumt det er, sit eg daa her og ventar at Vaarherre skal koma.

Stepànitsch riste paa hovudet, men sa kje noko, tømde koppen sin og la han aa side i fatet.