Side:Tolstoi-boki.djvu/34

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

sjølv: «Ein kunne gje han litegran varmt aa drikka kanskje.»

Dermed la han sylen fraa seg, fekk temaskina upp paa bordet og banka paa ruta med fingeren. Stepànitsch snudde seg og kom burt til glaset. Martin vinka til han og gjekk stad lét upp døri. «Kom ned og varm deg lite,» sa han; «du er nok frosen, vil eg tru.» «Gud løne deg,» sa Stepànitsch. «Ein vert gamal, og det verkjer i beini paa ein ute i kulda.»

Stepànitsch trampar snøen av seg ute i gongi og stig inn i stova. Det var knapt føterne vilde bera han; men han turka væl av seg so han ikkje skulde subba ut over golvet. «Bry deg aldri um det,» sa Martin, «eg skal nok turka upp; me hev det ikkje so fint her. Kom du og set deg ned og faa deg litt te.»

Martin skjenkte i tvo koppar, gav gjesten den eine og slog sitt ned i skaali. Teen var varm, og han bles paa med’ han drakk. Daa Stepànitsch hadde drukke sin te, sette han koppen fraa seg med botnen i veret, og la resten av sukkeret uppaa. Han takka for skjenken, men det var lett aa sjaa at han hadde hug paa meir. «Drikk ein drope til,» sa Martin og skjenkte koppen full ein gong til.

Martin sit og godgjer seg med sin te, men maa jamt glytta ut paa gata. «Ventar du nokon?» spør gjesten. «Um eg ventar nokon? Ja, eg skjemmest ved aa seia kven eg ventar. Igrunnen