Side:Tolstoi-boki.djvu/37

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Men det gjekk likeeins no, So gjer han ein styng, so glytter han ut paa gata og ventar stødt paa at Jesus skal koma. Han tenkjer ikkje paa anna. Jesu liv og ord gjeng stødt i hovudet paa han.

Fyrst kom det tvo soldatar framum. So verten fraa grannehuset og ein balbersvein med ei korg. So kom der ei fatig kjering og studde seg upp til muren like ved glaset. Ho gjekk i bomullssokkar og fillute sko. Martin saag det paa dei at dei var fraa ein landsbyskomakar. Han la seg heilt upp til ruta, for aa skoda betre paa kona. Det var ei han ikkje hadde set fyrr. Ho var reint armodsleg klædd og bar eit lite baan paa armen. Ho stod med ryggen mot snoi og gjorde sitt beste med aa liva baanet mot vinden, men hadde so lite aa tulla det inn i. Klædi ho gjekk i var ikkje til vintersbruk, tunne og elege som dei var. Martin høyrde gjenom ruta kor baanet skreik, og kor kona hyssa paa det; men ho var ikkje god til aa faa det i ro.

Han reiste seg og gjekk upp troppi.

»Du kone der! høyr hit, du kone!« ropte han til ho. Kona høyrde det og snudde seg. »Kva stend du der etter i kulda med baanet. Kom helder her ned i stova. Du hev daa betre av aa vera der det er varmt med det, veit eg. Denne vegen.«

Kona vart forbina. Der stod ein gamal mann med fangskinn og brillor og bad henne inn til seg.