Side:Tolstoi-boki.djvu/237

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


og den eine tok til aa drikka og tura og vart drepen i eit slagsmaal.

Den andre fekk ei rik kone og vart so stor paa det at han brydde seg ikkje meir um korkje faren sin elder heimen. Ilias laut trast punga ut med arven hans.

Ikkje lenge etter at skiftet hadde vore og det hadde teke helder hardt paa rikdomen hans, kom det ei farande sott paa saueflokken og storparten døydde. Sidan vart det turk eit aar so han ikkje fekk høy, og um vinteren svalt det fleire naut ihel for han.

So kom kirgisarfantarne og stal ifraa han dei finaste hestarne han aatte.

Snart var det ikkje stort att av rikdomen hans. Han hadde og vorte gamal no, so han var ikkje lenger so arbeidsfrek.

Daa han var sytti aar var det gjenge so ut for han at han laut selja alt han aatte. Daa han hadde betalt skulderne sine hadde han og kona ikkje att meir en dei gjekk og stod i. Sonen deira hadde reist ut av landet, og dotteri var død, so dei gamle stod der reint hjelpelause.

Ein av grannarne som heitte Mehemed Schach totte synd um dei. Sjølv var han ikkje plent rik aa kalla, men han stod seg godt, og hadde godt hjartelag.

Han kom ihug kor tidt han fyrr hadde vore hjaa Ilias og altid vorte motteken paa det beste. Og so sa han til Ilias: