Side:Tolstoi-boki.djvu/236

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


I Ufa budde det eingong ein mann som heitte Ilias. Far hans var ingen rik mann, so det var ikkje stort att etter han daa han døydde. Sju hestar, tvo kyr og eit par dusin lamb, det var alt.

Men Ilias var ein traust arbeidskar og visste aa halda hus med det han aatte. Han og kona hans arbeidde fraa tidleg um morgonen til seint paa kvelden stod tidlegare upp en andre folk og la seg seinare.

Han vart og rikare for kvart aar som gjekk. Og daa han hadde arbeidt og stræva trottugt paa denne maaten i fem og tredive aar hadde han vor te ein halden mann.

Ilias aatte daa tvo hundrad hestar, halvtanna hundrad kyr og tolvhundrad sauer. Han hadde nøgdi av alt slag og vart ovunda alt landet over. Ilias hadde i desse aari vorte kjend med mange storfolk. Langveges ifraa kom det folk og vitja han, og alle tok han imot og skjenkte paa det grumaste. Naar han fekk framandfolk i hus slagta han altid eit lamb elder tvo, og var det rett mange gjester laut nok storfeet og til.

Ilias hadde tvo søner og ei dotter. Daa Ilias var fatig hadde sønerne arbeidt heime hjaa han og hjelpt han og gjætt sauerne. Men no daa han hadde vorte rik vart dei kaute og store paa det,