Side:Tolstoi-boki.djvu/229

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

give, og kva som held folk i live. Naar du hev røynt det, kan du koma attende til himmelen.» Eg flaug til jordi og kravde sjæli hennar.

Smaagjentorne slapp brysti, moderi seig saman i sengi, og den avsjæla lekamen klemde foten skjeiv paa den eine smaagjenta. Eg svinga upp over landsbyen og skulde bera sjæli til Gud; men vinden tok meg, vengjerne datt av, og sjæli fòr aaleine til Gud, med’ eg datt ned paa jordi der ved kyrkja.

XI.

No skyna Semjon og Matrøna kven dei hadde gjeve mat og klæde, kven som hadde budt i huset, og dei grét av age og glede.

Engelen tala vidare:

— Der stod eg einsleg og naken paa marki. Eg hadde aldri fyrr kjent menneskjens plaage, aldri visst korkje av frost elder svolt, og no var eg sjølv eit menneskje. Eg tok snart til aa baade frosa og svelta og visste slett ikkje kva eg skulde gjera. Der eg laag vart eg vàr kyrkja som var bygd til Guds ære; eg gjekk dit og tenkte eg skulde finna eit lye mot vinden. Det vart kvelden. Svolten auka paa, eg vart stiv av frost, heile lekamen verkte. Best det er høyrer eg einkvan kjem gangande etter vegen. Det var ein mann med eit skopar i handi; han gjekk rødde