Side:Tolstoi-boki.djvu/228

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Mikael svara:

— Gud straffa meg avdi eg var traa imot han. Eg var ein engel i himmelen og var traa mot Gud.

Eg var ein himmelsk engel og Gud sende meg ned paa jordi til aa krevja ei kvendesjæl. Eg svævde paa vengjerne ned til jordi, og der saag eg eit kvende liggja sjuk i barnseng. Ho fekk tvillingar, tvo smaagjentor. Dei laag kravla kring moderi, dei smaa; men sjølv var ho kje god til aa leggja dei inn til brystet. Daa fekk ho sjaa meg. Ho skyna at det var Gud som hadde sendt meg etter sjæli hennar. Ho brast i graat og sa: «Guds engel! Dei hev nett grave ned mannen min. Eit tre fall over han og slo han ihel. Eg hev korkje foreldre elder sysken elder nokon til aa ta seg av desse smaa. Dei kan daa ikkje hjelpa seg utan far og mor.»

Eg gav etter, la den eine av dei smaa baani inn til brystet hennar, det andre i armen, og flaug uppi himmelen. Eg kom upp til Vaarherre og sa: «Eg var ikkje god til aa krevja sjæli hennar. Mannen hadde fellt eit tre nedover seg i skogen, kona hadde fenge tvillingar og bad so fagert at det maatte grøta ein stein. Aa, lat meg liva! bad ho, og fostra upp baani mine. Baan kan daa ikkje liva utan far og mor. Eg kravde ikkje sjæli.» — Men Herren sa: «Gakk og krev sjæli hennar. So vil du røyna tri ord: kva det bur i folk, kva som ikkje er menneskja