Side:Tolstoi-boki.djvu/227

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


— Eg ser, Mikael, at du ikkje er noko vanlegt menneskje, og eg kan korkje halda deg att elder spyrja deg um noko. Det er berre ein ting eg vil be deg um aa fortelja meg. Kor hev det seg, at den gongen eg fann deg og førde deg heim, var du myrk og tungsam; men daa kona sette kveldsmat fram aat deg, ljosna du og smilte. So daa herremannen kom og tinga styvlarne smilte du andre gongen og vart endaa ljosare i synet, og no daa denne kona kom med smaagjentorne smilte du tridje gongen, og vart, so det skem av deg. Seg meg, Mikael, kva er det for eit ljos som skin av deg, og kvi smilte du tri gonger ?

Mikael svara:

— At det lyser av meg kjem av at eg hev vore straffa og at Gud no hev gjeve meg etter. Naar eg smilte tri gonger, so var det avdi eg skulde røyna tri gudsord som eg no hev røynt. Det fyrste røynde eg den gongen kona di ynkast over meg, og det var fyrste gongen eg smilte. Det andre ordet røynde eg daa den rike mannen kom og tinga seg styvlar, og daa smilte eg andre gongen. No daa smaagjentorne kom, fekk eg røyna det tridje ordet og smilte for tridje gongen.

Semjon heldt fram :

— Seg meg, Mikael, kvi straffa Gud deg, og kva er det for tri gudsord, so eg med kan læra dei.