Side:Tolstoi-boki.djvu/230

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

med seg sjølv. Det var den fyrste menneskja eg saag sidan eg vart menneskje, og eg vart so rædd at eg snudde meg burt. Daa høyrer eg kor denne mannen talar med seg sjølv um kor han skal faa mat og klæde til vinteren aat seg og baani. Daa eg høyrde han tala soleis tenkte eg:

«Eg umkjemst av svolt og frost, og her kjem eit menneskje som ikkje tenkjer paa anna en kor han skal kunne skaffa mat og klæde til huslyden sin. Han kan daa ikkje hjelpa meg». — I det same fekk han auga paa meg, hyrpte paa augnebryni og gjekk vidare. Daa vart eg rædd. Best det er høyrer eg han snur. Eg saag upp og kunne kje kjenna han att. Fyrr var det dauden eg saag i han, no hadde han vorte til eit livande menneskje, og eg kjende Gud i han. Han klædde meg og tok meg med heim. Daa me naadde huset kom eit kvende imot oss og tala til oss. Ho var endaa styggare aa sjaa til en mannen hadde vore; kvart ord stod det daudesnik av, og eg hadde nær kovna av liklukti som fyllte stova. Ho vilde ha jaga meg ut i kulden, og eg visste at ho vilde døy um ho gjorde det ... So minte mannen henne um Gud, og med eit vart ho som umskapt. Daa ho sette kvelsmaten fram aat oss og sjølv sat og saag paa meg, var det ikkje dauden eg saag lenger; ho hadde vor telivande, og eg kjende Gud i henne.

Eg kom ihug det fyrste Gudsordet: «Du skal røyna kva det bur i folk». Eg hadde røynt at