Side:Tolstoi-boki.djvu/215

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


stødt hjaa Semjon og arbeidde som vanleg. Det lyddest no vidt og breidt at ingen kunne sauma eit par styvlar so fint og sterkt som sveinen Mikael hjaa Semjon, og der kom folk langande veg og tinga styvlar hjaa Semjon, so han tok alt til aa verta ein vælhalden mann.

Ein vinterdag Semjon og Mikael sat arbeidde paa det beste, høyrde dei bjøllelaat ute, og ei tilpakka sledevogn med tri hestar fyre kom kjøyrande. Semjon og kona hans saag utgjenom glaset, og det viste seg at sledevogni stansa utfor døri. Ein ung kjøyrekar spratt ned av bukken og opna vogndøri. Ein pelsklædd herremann steig ut og kom upp troppi. Matrøna skunda seg burt og slo døri paa vidan vegg. Herremannen maatte luta seg for aa koma inn døri, og daa han var komen væl inn og rette seg iveret, naadde han mest radt til loftet og fylte heile den eine kraai av romet.

Semjon reiste seg, bøygde seg djupt for herremannen og var heilt forbina over aa sjaa han. Han hadde aldri fyrr set slikt folk. Sjølv var han mager og avpela, Mikael var tunn og naasleg, og Matrøna var berre skinn og bein; men denne! Det var som eit menneskje fraa ei onnor verd; posen og raud var han i ansigtet, halsen som paa ein stut, og heile karen som støypt i jarn.

Daa herremannen hadde umraadt seg litt og fenge av seg pelsen, sette han seg paa benken og sa: