Side:Tolstoi-boki.djvu/214

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


— Nei, eg forstend meg ikkje paa noko.

Semjon totte dette var rart og sa:

— Naar berre hugen er der, kan ein læra kva det skal vera.

Eg vil gjerne arbeida.

— Kva heiter du?

— Mikael.

— No, Mikael; du vil ikkje ut med kven du er, og det vert di sak; men maten kan ein ikkje undvera. Vil du no gjera det eg set deg til, so skal eg nok halda deg kosten.

Gud løne deg for det! Eg vil gjerne læra. Syn meg berre kva eg skal gjera.

Semjon synte han no kor han skulde sauma sko og styvlar, og Mikael var so lærenem at han alt paa eit par dagar lærde aa sauma so godt, at ein skulde tru han aldri i sitt liv hadde gjort anna ein sauma sko. Han var trottig ved arbeidet, aat lite, og naar der ikkje var noko aa gjera, sat han tagall og saag upp. Han gjekk aldri ut, sa aldri eit gagnlaust ord, og ein høyrde han aldri korkje skjemta elder læ. Berre ein einaste gong hadde dei set han smila, — det var daa Matrøna den fyrste kvelden han var der hadde sett kveldsmaten fram for han.

VI.

Der gjekk dagar, vikor, og maanader, og tilsist var det gjenge eit heilt aar. Mikael budde