Side:Tolstoi-boki.djvu/213

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


me skal gjera imorgo. Synest du ikkje eg skulde gaa inn til Malanja og beda henne laana oss ein grand ...

— Læt Gud oss liva, so fær me nok det me treng.

Matrøna laag tagall litt.

— Han ser daa likevæl ut til aa vera eit godt menneskje. Men kvi seier han ikkje kven han er? tok ho til att.

— Han kan vel ikkje.

— Semjon.

— Ja?

— Me gjev andre; kvi er der daa ingen som gjev oss noko?

Semjon visste kje kva han skulde svara og sa berre —: No hev me snakka nok.

Dermed snudde han seg over paa hi sida og sovna.

V.

Daa Semjon vakna um morgonen laag baani og sov enno. Kona hadde gjenge ut til grannen og skulde laana braud, og framandkaren sat paa benken i skjorte og underbrok og gløste upp. Andlitet var ljosare og lettare en det hadde vore fyre dagen.

— No, min unge ven, sa Semjon til han; — magen vil ha mat, og kroppen vil ha klæde. Ein lyt sjaa byrga seg. Forstend du deg paa noko slag arbeid?