Side:Tolstoi-boki.djvu/212

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

og bad meg fylgja med heim. Her hev du no gjeve meg baade mat og drykk og havt medynk med meg. Gud løne dykk for det.

Matrøna reiste seg og gjekk burt til glaset der ho hadde lagt den gamle skjorta ho bøtte paa, daa dei kom. Den tok ho og gav framandkaren. Med det same leitte ho fram ei gamal lereftsbrok som ho gav han.

— Der, sa ho; — eg ser du hev ikkje skjorte paa kroppen dihelder. Tak paa deg denne, og legg deg so kvar du best vil, paa benken elder paa omnen.

Framandkaren tok kaapa av, drog skjorta paa, og la seg paa benken. Matrøna tok kaapa, sløkte ljoset og la seg burt til mannen. Ho drog ein snipp av kaapa over seg, men laag lenge i svevn løysa. Ho kunne kje faa framandkaren ut or tankar.

Naar ho kjem ihug at han hev ete siste braudskalken dei hadde, og at der til imorgo ikkje bid mat i hus, vert ho vanmoda og ute av seg; men naar ho kjem ihug kor han smilte til henne, hoppar hjarta i livet paa henne av glede.

Matrøna laag enno lenge og kunne kje faa sova. Ho merkar at Semjon helder ikkje søv, men ligg og dreg kaapa til seg.

— Semjon!

— Kva vil du?

Me hev ete siste braudskalken me hadde, og eg hev enno ikkje sett deig. Eg veit ikkje kva