Side:Tolstoi-boki.djvu/208

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Framandmannen sette seg ned paa benken.

— Kanskje du hev ingen mat laga? spurde Semjon kona si.

— Jau, kvesste Matrøna i; ho var no sint for aalvor; men ikkje aat deg. Eg ser du hev drukke vitet av deg. Du gjekk ut etter ein pels, men kjem att kuftelaus og dreg attpaa denne nakne raklefanten med deg. Eg hev ingen kveldsmat til slikt folk.

— No, no, Matrøna, lat no det so vera. Du skulde helder fyrst spyrja kven mannen er ...

— Kvar hev du gjort av pengarne, spør eg deg!

Semjon tok nedi lumma etter dei tri rublarne, og la dei paa bordet.

— Her er pengarne. Eg fekk ingen ting hjaa Trifonor. Han lova aa koma med det imorgo.

Matrøna vart berre meir og meir harm paa mannen: han hev ingen pels kjøpt, gjeve den siste kaapa dei aatte til ein naken rekekjepp som ingen kjenner, og drege han med seg heim.

Ho treiv setlarne, skunda seg aa gjøyma dei og mulla for seg sjølv:

— Eg hev ingen kveldsmat. Me kan ikkje føda paa alle dei nakne fyllefantarne som raklar etter landevegen.

— Men Matrøna, hald daa styr paa deg. Høyr fyrst kva ein hev aa seia deg ...