Side:Tolstoi-boki.djvu/209

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


— Det er rett sætande kva ein full mann seier! Mor hadde rett daa ho ikkje vilde at eg skulde gifta meg med deg. Lereftet som ho gav meg drakk du upp; pengarne du skulde kjøpa pels for drakk du upp...

Semjon vilde retleida kona si um at han berre hadde drukke upp tjuge kopek, vilde fortelja henne kvar han hadde funne den unge mannen; men han fekk ikkje ord for seg. Munnen gjekk paa henne i eit vekk, og der var ikkje den ting ho ikkje trakte i han, like til slikt som var hendt for ti aar sidan.

Ho var enno ikkje ferdig paa langt nær, daa ein ikkje visste ord av fyrr ho fór burt til Semjon og treiv han i ærmi.

— Kom med kufta! ropte ho. — Det einaste plagget eg hadde kunne du ta fraa meg og lata meg gaa naki. Jau du er ein herleg kar! Kom med henne, seier eg, elles skal eg gi deg!

Semjon gav seg til aa draga kufta av seg, og foret i den eine ærmi kom daa til aa snu ut. Matrøna treiv i trøya so det rimna etter saumen, drog ho til seg, slengde ho over hovudet og strauk mot døri. Ho tok i klinka og skulde til aa gaa, daa ho ævde seg um og vart standande. Ho var fælt uppøst; harmen maatte faa luft, men — ho maatte og faa greide paa kven denne framandkaren var.