Side:Tolstoi-boki.djvu/207

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

tenkte ho. Men det var endaa ikkje det verste. Daa ho saag at han ingi kaape hadde, men berre kufta, ingen ting hadde med seg og berre stod der og ikkje visste kva han skulde seia, vart ho harm til gagns. «Der hev han drokke upp alle pengarne», tenkte ho, «sjaua og tura med denne landstrukaren og dreg han so attpaa med seg heim!»

Ho rudde plass og bad dei inn i stova; sjølv fylgde ho etter og gav seg til aa skoda paa framandkaren. Det var ein bleik og mager ung mann. Kufta han hadde paa seg var deira; han var berrhovda og hadde ingi skjorte under kufta. Han stod paa ein stad og rørde seg ikkje av flekken. «Det maa kje vera noko godt menneskje, di han han er so rædd», tenkte Matrøna, gav seg sur og vond burt til omnen, og venta paa kva som so skulde koma.

Semjon tok huva av seg og sette seg audmjuk paa benken.

— No, Matrøna, seier han, læt du oss ikkje faa noko aa eta?

Matrøna mumla noko millom tennerne, men rørde seg ikkje av flekken, og saag snart paa den eine, snart paa den andre, og riste paa hovudet. Semjon saag nok at kona var ute av seg, men det var ingi raad med det; ein fekk læst som ein ikkje merka det. Han tok framandkaren i handi.

— Set deg ned, go ven, sa han, so skal me eta til kvelds.