Side:Tolstoi-boki.djvu/192

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


sveik deg, forlét deg... Tilgiv meg i Jesu namn! (bøygjer seg mot jordi for henne).

Anisja. Kva er no slikt for kjeringsnakk? Det høyrer slett ikkje her heime. Kjem han no der med noko som ingen spør etter! Statt no upp! Kva er dette for skam!

Matrøna. Aa, det er einkvan som hev forgjort han. Undrast paa kor no det er kome! Han er daa reint forheksa. Reis deg no. Kva skal det vera til aa røla so burt i veret! (dreg i han).

Nikita (rister paa hovudet). Rør meg ikkje! Tilgiv meg, Marina! Tilgiv mi synd imot deg, i Jesu namn!

Marina (løyner andlitet i lovarne).

Anisja. Reis deg, seier eg, og lat oss faa ein ende paa denne skammi. No skulde han til aa ripla uppatt i desse gamle sogorne. — Du hev olma deg nok no. Skjemmast maa du! — Aa, mitt arme ting! Hev han daa vorte reit tullerusk?

Nikita (støyter Anisja fraa seg og vender seg til Akulina). Det er no deg, Akulina, eg vil tala eit ord med. Høyr paa kva eg seier, de gode kristne menneskje! Eg er ein stor skarv. Akulina! Eg hev synda hardt imot deg. Far din fekk ingen naturleg ende; han vart forgifta.

Anisja (med eit skrik). Aa eg stakkars menneskja! Kva tenkjer han paa?

Matrøna. Han er daa reint fraa sans og samling. Sjaa til og faa han ut.

(Dei som stend rundt um vil leggja henderne paa han).