Side:Tolstoi-boki.djvu/191

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Nikita. Giv berre taal. — Akulina ! Er du og her?

Fjøkla. Kva nemner du dei upp etter alleihop? Um Akulina er her? Ja, kvar skulde ho no elles vera? Det var daa ein løgjen spurnad.

Anisja. Ih, du almegtige! Han er daa berrføtte!

Nikita. Far! Er du her? So ja, her stend eg. Sjaa paa meg, de gode kristne folk! her ser de meg som eg er! (fell paa kne).

Anisja. Nikita, Nikita min, kva gjer du! Aa, eg arme menneskja.

Fjøkla. Det er gilde greier!

Matrøna. Eg tenkte det nok. Han hev fenge for mykje vin. — Kom til deg sjølv! Kva tenkjer du paa? (ho og dei andre som stend unikring vil hjelpa han upp; men han stirer framfor seg, og merkar ingen ting).

Nikita. De gode kristne menneskje som her er tilstades! Eg er skuldig, og eg vil tilstaa mi synd.

Matrøna (dreg han i armen). Men er du daa reint splitter gal? — kjære godt folk! Han er forstyra i hovudet. Me lyt sjaa faa han ut.

Nikita (støyter henne fraa seg med oksli). Lat meg vera! — Høyr no, far, kva eg vil seia. Fyrst og og fremst... Marina, arme ting! Sjaa no hit. (han bøygjer seg med panna mot jordi for henne, reiser seg so uppatt). Eg hev synda imot deg. Eg lova aa gifta meg med deg, og forførte deg berre. Eg