Side:Tolstoi-boki.djvu/193

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Akim (kjem ivegen for dei). Stopp! Stopp litt, baan, stopp litt.

Nikita. Akulina! Det var eg som drap far din. Tilgiv meg, i Jesu namn! (sig paa kne).

Akulina (spring upp). Det er berre sludder! Eg veit nok kven som hev gjort det!

Fjøkla. Kva er paa tids med deg? Sit du berre i ro.

Akim. Aa, Herre Jesus! For all den synd..

Gendarmen (til dei som stend nærmast). Tak han! Send bod etter eldstemannen og nokre vitne. Det maa førast til protokols. (til Nikita). Reis deg du, og kom hit litt.

Akim. Nei, høyr no.... kva eg vil seia .... Du der med dei blanke knapparne.... Det hastar ikkje med det. Giv fyrst tid, og lat oss høyra kva han vil seia.

Gendarmen. Sjaa du helder til du held deg utanfor det heile! eg maa taka protokol i saki.

Akim. Aa, du med din protokol! Eg seier deg, vent litt. Kva skal ein med protokolar. Det er ei høgtidsam sak her er fyre..... Mannen tilstend si synd, og so kjem du med protokolen...

Gendarmen. Kvar er eldstemannen?

Akim. Lat oss fyrst føra Guds sak til endes, forstend du, so kan du sidan koma med det andre, forstend du.

Nikita. Akulina! Eg hev endaa ei stor synd paa meg imot deg. Eg hev forført deg. Tilgiv meg, i Jesu namn. (fell paa kne).