Side:Tolstoi-boki.djvu/19

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

som lever i lediggang og soleis hev mist livsens samanheng og meining.

So skulde den nye levemaaten øydeleggja helsa hans, — hadde dokterar og alt folk sagt. Men her gjekk det og reint motvendt. Di tyngre han arbeidde — han stellte seg vitugt med arbeid og kvile — di friskare og fornøgdare vart han. Gamle uvanar, som aa sitja uppe um næterne, gjekk burt av seg sjølve. Svevnløyse visste han ikkje lenger av. All den lækre kræsne maten han fyrr hadde øydelagt mage og arbeidskraft med, tapte han no meir og meir smaken for, og fekk hug paa vanleg uvand arbeidskost, som kroppen treng og kan melta. Den rørsla kroppen treng, fekk han no i fullt maal, og paa naturleg vis. Han fann, at det var med dei kunstige helseraaderne som dokterane finn paa: gymnastikk, massage, bad, elektriske og andre kurar, paafunn med maten, levemaaten, vatnet, luftskifte, tilmælt varme osfr., — paa lag som i aandeleg meining med teater, konsertar o. dl.: det var noko som paa kunstig maate skulde halda liv i dei som ikkje vil arbeida, — just som ein vilde stengja seg inne i eit rom og laga luft paa kemisk veg, naar ein kunde faa mykje friskare og betre luft berre med aa lata upp glaset. —

— «Daa eg endeleg var komen so langt,» seier han, «at eg var komen under med alt dette, kunde eg ikkje halda meg for aa læ. Etter so mange tvilsmaal, granskningar og funderingar hadde eg endeleg naatt fram til aa sjaa den merkjelege sanning: at naar me hev augo, so er det til aa sjaa med, og øyro til aa høyra med, og føter til aa gaa med, og armar og aksler til aa arbeida med; og at dersom me ikkje brukar desse lemer og reidskapar til det me hev fenge dei til, — so er det verst for oss sjølve.»