Side:Tolstoi-boki.djvu/20

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


— Han hadde funne ny smak i livet, og ei meining i det, som gjorde det verdfullt og kjært. Og alle livsspursmaal greidde seg no for han so lett og endetil, at han berre maatte forundra seg paa det.

*

Me skal her til sist i stutte drag samla Tolstoi’s tankar um den rette maaten aa leva livet paa. Han kallar det elles ikkje sine tankar; det er Jesu lære, elder den sanne kristendom, han meiner han hev funne fram att.

i. Me skal ikkje gjera det vonde. Altso maa kvart menneskje arbeida, so han føder seg sjølv. Og ingen maa bruka meir en han treng; for daa stêl han og ifraa andre.

Det vonde (uretten imot andre, det aa bruka annan manns arbeid) er framsynt i pengarne, som altso er den kropsleggjorde synd. Den som brukar pengar, brukar framandt arbeid, syndar. Di mindre ein hev med pengar aa gjera, di betre er det daa. Ikkje ein gong til aa hjelpa andre med skal ein bruka pengar. Med vondt kan ein ikkje gjera godt. Den, som fær pengar, fær smak paa aa leva av framandt arbeid, vert utskjemd. Ein skal skifta sin mat med dei fatige, skaffa dei klæde, hus, jord, arbeid, um ein kan; men med pengar fylgjer det alltid vondt; pengar er storkna manneblod; det heng mord ved pengar.

Til det vonde me maa avleggja, høyrer og hât, kiv, ovund og hemnsjuke. Me maa ingen fornærma. Og vert me sjølve fornærma, maa me ikkje «forsvara» oss, men bøta vondt med godt. Av hemn, som i det heile av «motstand mot det vonde», kjem berre meir vondt; men den, som