Side:Tolstoi-boki.djvu/18

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Kunde det gaa væl dette, at greven og bokmannen slo seg paa bondeliv? Kunde han halda det ut?

Ja, han heldt det ut. Og han saag ikkje anna en godt av det.

Alle folk hadde spaatt ille, og alt slags ilt. Kropsarbeidet vilde for det fyrste taka so mykje tid, at han kom til aa maatta svikta sit rette kall, som var aa skriva bøker.

Men det viste seg, at arbeidet helder friska han upp, so han fekk meir baade hug og kraft til skriftlegt arbeid. Og han rekna ut, at um han berre vilde bruka helgedagarne til aa skriva, og paa kvar helgedag skriva berre tvo sidur trykt, so vilde han paa berre fjortan aar kunne, skriva so mykje som han fyrr hadde skrive i all si tid, daa hans meste kraft gjekk med i ein endelaus strid med langsemdi.

So skulde han ikkje kunna halda sitt aandsliv uppe utan teater, selskapsliv og alt slikt. Men det viste seg, at han ikkje kom til aa sakna noko av dette. Den langsemdi han fyrr ikkje med alt stræv kunde verja seg imot, vart reint burte no, og ein rikdom av glede og hyggje kom i staden, som han fyrr ikkje hadde visst um elder tenkt seg. Di tyngre og «grovare» arbeid han tok seg til med, di nærmare kom han naturen og folket, og lærde dermed meir og fann meir hugnad i sitt tilvære en nokon gong tidlegare. Og etter arbeidet kvilde han seg med ei bok elder i ein samtale med husfolk elder gjester ved ein kopp te, og hadde ikkje minste bruk for noko anna. Han kom i det heile til det, at teater, konsertar, store selskap, visitar, kortspel, avisur, romanar osfr., det er berre noko som paa kunstig vis skal halda uppe aandslivet hjaa folk