Side:Tolstoi-boki.djvu/187

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Nikita. Ja, paa timen. Gakk de berre, (dei gjeng, men stansar og ser seg um etter han). Gakk no, seier eg. Eg kjem strakst inn og signar dei. Gakk berre.

(Matrøna og Anisja gjeng).

Nikita (ser tankefull etter dei. Set seg ned og dreg av seg styvlarne). Javisst kjem eg. Nei leit de helder sidan etter meg paa tverbjelken. Lykkja um halsen, eit hopp, — og so kan dei seia dei hev set meg! Godt at reipet laag her. — — Andre sorger kunne ein vel sjaa verta kvitt; men denne her hev bora seg heilt inn i hjarte roti og læt seg slett ikkje riva utatt. (lyer og ser med uro burtimot huset). Er ho der no att? — (geiper etter Anisja). «Det kan nok vera det er fagert!... Eg kunne nok havt lyst til aa liggja litt med deg ...» — Uff! Den rakkarmerri! Men no kan du ha det so godt! Naar de fær meg ned av tverbjelken, so kan du liggja med meg so mykje du vil. (tek i enden av reipet og vil draga det til seg). Det er ikkje anna aa gjera.

Mitrisch (hev lege sove paa den andre sida av halmdungen; vaknar. Endaa so full han er, slepper han ikkje toget). Nei, du fær ikkje lov. Det er ingen som fær lov. Eg hev sagt at eg skal bera halmen, og so ber eg halmen, (reiser seg halvt). Nikita, er det du? (lær). Kva fan skal det vera til? Er du ute etter halm?...

Nikita. Lat meg faa reipet.

Mitritsch. Nei, vent no litt. Hev eg lova aa henta halmen, so skal eg nok gjera det sjølv.