Side:Tolstoi-boki.djvu/186

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

slikt bryllaup. So fint og vakkert som alt er stelt. Kom no upp og lat oss fyljast aat... Um eg hev drokke litegrand, so skal eg daa nok vera kone for aa faa deg inn. (tek han i handi).

Nikita (riv handi til seg). Gakk aaleine. Eg skal nok koma.

Anisja. Kva set du deg paa bakbeini etter? Me hev no fenge ein ende paa alt vondt; tausi er me kvitt, og me hev ikkje anna aa gjera no en aa gleda oss ved livet. Alting er i sin gode orden, lovlegt og med ære ! Eg er so glad, so glad, at eg aldri kan seia det. Det er nett som eg skulde ha gift meg med deg for andre gongen. Og kor gjesterne likar seg, — Gud fader bevars! Allesaman takkar dei, og rett pene gjester er det. Der er baade Ivan Moseitch og hr. gendarmen. Dei hev daa og fenge sine lovtalar.

Nikita. So skulde du ha vore imak inne. Kva kjem du her ut etter?

Anisja. Ja, det er paa tide eg kjem meg innatt. Det er ikkje folkom likt at verten og vertinna gjeng burt og læt gjesterne vera aaleine. Og slike pene gjester som det er, allesaman.

Nikita (reiser seg upp og plukkar halmen av seg). Gakk no; eg kjem strakst.

Matrona. Oho! Eg ser, at den gauken som gjæl um notti, gjeld meir en den som gjæl um dagen. Han vilde kje høyra paa meg, men kona lystra han strakst. — Naa, kjem du so?