Side:Tolstoi-boki.djvu/185

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Nikita. Nei, eg kan ikkje!

Matrøna (avsides). Kor kom no dette paa? alt gjekk som det skulde; der var ingen ting ivegen, og med ein gong... Det er som det var forheksa, (høgt). Nikita! Stat upp no. Sjaa der kjem Anisja; ho hev og gjenge fraa gjesterne.

Anisja (full). Naa, vesle mor, det kan nok vera det er fagert, rett fagert. Me hev ære av dette; og folk er rett tilfreds!... Men kvar er han daa!

Matrøna. Her, baane mitt, her! Han hev lagt seg her i halmen, og ein fær han ikkje av flekken. Han vil ikkje.

Nikita (lettar paa hovudet og ser paa kona si. Avsides). Naa, ho er daa full til gagns. Det kraumar i meg, berre eg ser henne. Kor skulde eg no kunne liva saman med henne? (legg seg ned att). Eg kjem til aa slaa henne ihel, og so vert det endaa verre.

Anisja. Der skal ein sjaa han hev krope nedi halmen! Du hev nok fenge deg ein god støyt. (lær). Eg kunne nok havt lyst til aa liggja litt med deg, um eg hadde tid til det. — Kom no upp, so skal eg nok hjelpa deg inn. Kor rart det er der inne! Det er ei heil moro aa sjaa paa. Kvinfolka spelar munnspel, — jau, det kan nok henda det! Dei er fulle allesaman... Det kan ikkje finare vera... rett storfint!

Nikita. Kva er so fagert?

Anisja. Bryllaupet, eit lystigt bryllaup! Dei seier allesaman, at det er rett sjeldan aa sjaa eit