Side:Tolstoi-boki.djvu/188

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

(reiser seg upp og tek til aa leggja halmen i lag; men beini vil ikkje bera han, og tilsist stuper han) Det satans brennevinet! So fekk det daa overtaket lell!

Nikita. Kom hit med reipet.

Mitritsch. Nei, du fær det ikkje, seier eg! Aa gode Nikita, du er so dum som ein hest, naar ein rett ser paa deg. (lær). Men eg held av deg likevæl, so dum du er! No trur du, at eg vil slaa meg paa flaska igjen. Men eg gjev deg død og djevel, gjer eg! Du tenkjer at eg treng deg...... Men sjaa rett paa meg! Eg er underoffiser er eg! Dit fe, du hev ikkje eingong vit til aa seia: «Underoffiser ved hennar keiserlege majestæts allerfyrste grenader-regiment.» Eg hev svore keisaren og fedrelandet truskap. Men kven er eg vel? Du trur eg er ein krigsmann. Nei, eg er ingen krigsmann, men ei fatig lus, ein stakkars skabbutt forvildra sauebukk, det er eg! Eg hev svore høgt og dyrt at eg aldri meir skulde drikka. Men no hev eg igjen gjeve meg til aa svira. Du trur kanskje at eg er rædd deg? Ja visst! Eg er ikkje rædd ein kjeft, kven det so er! Drikk eg so drikk eg! I heile fjorten dagar skal eg no renna i meg fraa morgon til kveld. Eg skal drikka en til den store gullmedalja! Alt det eg eig og hev skal updrikkast, like til krossen eg gjeng med um halsen! Eg er slett ikkje rædd ei sjæl! Ved regimentet hyvla dei meg so det knaka, for at eg skulde la vera aa drikka. Dei hyvla og hyvla....... «Vil