Side:Tolstoi-boki.djvu/171

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

hohoho, hoho[1] ... Men kva er so «hoho»? Ja. det veit dei ikkje sjølve.

Anjutka. Eg veit kor «Fadervaar» byrjar, bestefar.

Mitritsch. Ja, du veit mykje, veit du! Men ein kan daa helder ikkje venta meir av dykk. Kven er det vel som lærer dykk noko? Det skulde vera naar bonden er full, kanskje, at det kan stikka han aa fortelja dykk eitkvart med enden av svipeskaftet sitt. Det er all den lærdom de fær. Gud vite, kven som skal staa til svars for dykk. Naar læregutarne ikkje gjer sine ting rett, so maa underoffiseren svara for det; men kor det gjeng med dykk, er det ingen, slett ingen som kan svara for. De kvinfolka er som ein skurvutt saueflokk som inkje tilsyn hev, eit dumt folkeferd, eit av dei aller lægste i rekkja, rett eit erkedumt folkeferd.

Anjutka. Men kva skal ein gjera med det?

Mitritsch. Ein kan gjera med det kva ein vil. Breid du no godt paa deg og sov! Aa Herre Jesus!

(Togn. Lambet mekrar).

Anjutka (spring upp). Bestefar! Det er einkvan som skrik der ute. Det er reint gale. Gud hjelpe meg! Det er einkvan som skrik. Aa kjæraste bestefar! Dei kjem her inn.

  1. Ryskt umkvede.