Side:Tolstoi-boki.djvu/172

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Mitritsch. Breid du berre paa deg, seier eg! Stikk hovudet nedunder kaapa.

(Nikita og Matrøna kjem inn).

Nikita. Kva er det de hev gjort med meg? Kva er det daa de hev gjort med meg?!

Matrøna. Drikk litt vin, venen min! Drikk litt vin. Kva tenkjer du paa?! (fær tak i ei flaske vin og skjenkjer i eit glas som ho set fram for han). No, drikk so.

Nikita. Send det hit! kanskje kan det dvelja tankar ne.

Matrøna. Tal ikkje so høgt. Dei søv ikkje alle enno. (sender han glaset). Drikk so.

Nikita. Kva er det? Kor kunne de finna paa slikt noko? De kunne daa ha fenge det inn einkvan stad.

Matrøna (kviskrar). Sit no her du og drikk eit glas til, elder røyk litt. Det spreider tankarne.

Nikita. Aa, mor! Eg kjenner det like inn i hjarteroti. Eg er ikkje menneskje meir, sidan eg høyrde kor det piste, og kor dei smaa beini knaska under meg ..... Aa!

Matrøna. Naa, kva er det no du der kjem med! Sant nok, nattes tider er det ikkje spøk aa ha med slikt aa gjera. Men berre det no ljosnar, so kveikjest du nok uppatt. Berre det gjeng ein dag elder tvo, skal du sjaa det er ute av tankarne. (gjeng burt til han og legg handi paa oksli hans).