Side:Tolstoi-boki.djvu/153

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

feitt. Men der ser me no kva der kjem ut av det! Og endaa er eg usaka i det heile. Aa Gud, aa Gud! — — — Det er noko til mod det sit i dei kvinfolk, kva det no er dei hev fyre! Nei, eg vil ikkje upp i noko av det slaget.

Matrøna (kjem farande ut med ei lykt i den eine handi og ein spade i den andre). Kva sit du der etter som ei vaat høne paa vaglet? Hev du gløymt kva kona bad deg? Gjer no tingen istand.

Nikita. Kva er det daa de vil?

Matrøna. Me veit nok kva me skal gjera; berre du gjer dine ting.

Nikita. De fører meg paa avvegar, gjer de.

Matrøna. Kva for noko? Snur du skjekerne um? So langt er me komne, og so vil du kje lenger?

Nikita. Tenk daa kva det gjeld! Det hev daa sjæl eit slikt lite ting med.

Matrøna. Sjæl! Jau eg sa det; det dreg knapt anden. Men kvar vil du daa at ein skal gjera av det? Um du ber det til stiftelsen, so døyr det daa korso. Det kjem berre ut millom folk, og dei vil rakka oss soleis til, at me aldri i livet fær tausi gift.

Nikita. Men um dei no fær hold i det likevæl?

Matrøna. Kven skulde faa hold i det? Me er daa i vaart eiget hus, veit eg, og det skulde sjaa gale ut um ein ikkje skulde klara for seg