Side:Tolstoi-boki.djvu/154

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


der. Nei, ver du trygg. Ingen skal faa so mykje som ein tanke um det. Men gjer berre som eg seier. For me kvinfolk kan no eingong ikkje hjelpa oss, minder me hev dykk manfolka med i spelet. Her hev du spaden. Kryp so ned og tak fatt. Eg skal lysa for deg medan.

Nikita. Kva skal eg ta fatt paa?

Matrøna (kviskrar). Du maa grava eit hol. So kjem me med det, og det heile er gjort i ei fart. Høyr, no ropar ho igjen. Skund deg no. Eg gjeng inn til henne.

Nikita. Er det daudt daa?

Matrøna. Javisst er det so. Men skund deg no. Grannarne hev ikkje lagt seg enno. Dei kunne snart høyra elder sjaa eitkvart. Slikt kram skal no ha nosi i alt. Igaar kom vaktmannen snerkande. Naa, eit ord so godt som tjuge. Der hev du spaden. Kryp so ned i kjellaren og gjer eit hol i ei kraa. Grunnen er mjuk der, og lett aa grava. Sidan jamnar du væl til att. Den kjære moldi nemner so visst ikkje eit ord. Ho slikkar alle spor ut liksom ei ku med tunga si. Naa, gjer det so, kjære sonen min!

Nikita. De fører meg berre i vanlukke de satans kvinfolk! Men eg gjeng min veg, det er visst. So kan de gjera det de vil.

Anisja (i stabursdøri). No, er han ferdig?

Matrøna. Kvi gjekk du ut? Kvar hev du gjort av det?