Side:Tolstoi-boki.djvu/152

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Anisja. Skam faa munnen din! Kva er det du fortel? Det er daa kattungarne som remjar der inne. Sjaa til du kjem deg i seng no; elles skal eg nok læra deg, kan du tru!

Anjutka. Søte vesle mor! Hjelpe meg til Gud, det er sant....

Anisja (slær etter henne). Eg skal læra deg! Vil du sjaa koma deg vekk! (Anjutka spring inn i huset). No, Nikita! Gjer no som eg hev sagt. Elles svarar eg ikkje for noko (gjeng).

Nikita (etter lang togn). Jau, det ser godt ud! Aa dei kvinfolk! Aa Gud, aa Gud! — »Det skulde du ha tenkt paa fyrr.» Og kva var der aa tenkja paa? Ifjor sumar var det at denne Anisja tok til aa renna etter meg. Kva skulde eg so gjera? Eg er daa ingen munk, veit eg. So døydde mannen, og hadde der vore noko som ikkje var rett, so gjorde eg det daa godt att. I alt det hev eg ingi skuld. Plent som der ikkje var andre som livde paa same maaten! Og so desse pulveri. Var det kanskje eg som sette henne paa det? Ja hadde eg visst eit ord um det, skulde eg ha slege henne ihel som ein hund den gongen, det skulde eg! Aa vasa meg inn i slik fensdom, — det skarve kvinfolket! Fraa den tid av hev eg ikkje tolt ho for mine augo. Kor skulde eg so tilmed ha samkjømd med henne? Og so var det, at det gjekk som det gjekk. Der vilde tausi ikkje lata meg faa fred. Og kva var det so i det, tenkte eg; um det vart med meg elder med ein annan var daa like