Side:Tolstoi-boki.djvu/151

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


vinsgjøysen stend or halsen paa deg! — No ja, so gjeng eg og legg meg daa. (geispar). Aa Herre Jesus! (gjeng inn i huset).

Nikita (gjeng lenge tagall att og fram, set seg so trøytt ned paa ein slede). Jau, det ser godt ut!

Anisja. Kvar er du daa?

Nikita. Her.

Anisja. Kva sit du her etter? Der er ingi tid aa spilla. Det maa skaffast or vegen paa timen.

Nikita. Kva skal me gjera daa?

Anisja. Gjer berre som eg seier.

Nikita. Kunne de kje bera det paa stiftelsen?

Anisja. Det kan du sjølv gjera, er du so sleiken etter det. Du er snop til aa faa andre i søyla; men naar det gjeld aa hjelpa dei uppatt, so knip det for deg, ser eg.

Nikita. Kva skal me daa gjera?

Anisja. Det hev eg sagt deg. Gakk nedi kjellaren og grav eit hol...

Nikita. Kunne ein ikkje stella det soleis... soleis...

Anisja (geiper etter han). »Soleis, Soleis«... korleis? Eg tenkjer det læt seg ikkje gjera »soleis». Det skulde du ha tenkt paa fyrr. Gakk no dit du er beden.

Nikita. Aa Gud, aa Gud!

Anjutka. Mor, mor! Matrøna ropar. Det er visst eit lite baan som skrik inne hjaa vesle Akulina, — Gud hjelpe meg!