Hopp til innhold

Side:Tolstoi-boki.djvu/148

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

fara og sjaa til at du fær tak i tausi. Tenk deg um kva ho er for ein skatt; rett ei rose.

Fjodor. Ja, ja. Det er berre ein ting som baade eg og kona synest er ivegen med tausi, og det er: kvi hev ho ikkje vist seg? Me tenkjer som so: en um ho no er klein og vanhelsa?...

Matrøna. Aa prat med deg! Ho — klein og vanhelsa? Der bid ikkje ei i heile grendi som mæler seg med henne. Ho er som ho var rend i ei lôd. Nei du kan rett vera trygg; sonen din vert ikkje narra med henne. Ja du saag ho daa sjølv her um dagen. Og kva arbeidet vedkjem, so heng ho iso det er ei lyst. Ho er ein liten kjend tunghøyrd, det er sant; men jamvæl beste eplet kan vera ormstukke og endaa vera like godt for det. At ho ikkje viste seg det hadde nok sin grunn. Ho er forheksa, skal eg seia deg. Og eg veit nok kven utinget er, som me hev dette aa takka. Det spurdest at her skulde vera truloving, og so hev dei forgjort tausi. Men hev dei forgjort henne, skal nok eg vita raad. Du skal sjaa, imorgo er ho so frisk som ein fisk. Det er ingen faare med det; ver du berre ankelaus.

Fjodor. Ja, igrunnen er det ikkje noko aa røa um meir, for saki er daa for so vidt i orden.

Matrøna. Ja, ikkje sant? Hald du fast paa det du hev. Og lat meg so sjaa, du ikkje gløymer meg for all den umak eg hev havt! Nei det maa du kje gløyma.

Eit kvendemål (fraa kammerset). Fjodor! kvar