Side:Tolstoi-boki.djvu/149

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

vart det av deg? Det er paa tide me kjem oss heim.

Fjodor. Strakst! (gjeng. Matrøna fylgjer etter. Gjesterne kjem ut og tek avgarde).

Anjutka (kjem farande fraa kammerset og vinkar Anisja til side). Mor!

Anisja. No, kva er det?

Anjutka. Mor, kom hit, so ingen høyrer det (Dei gjeng burt til skjolet).

Anisja. Kva er det? Kvar er Akulina?

Anjutka. Ho er inne i kammerset. Det stend reint ille til med henne. Ho renn att og fram over golvet. «Nei det er ikkje til aa halda ut!» seier ho. «Eg gjev meg til aa skrika av full hals». Hjelpe meg, ho seier!

Anisja. Aa, ho dyr seg nok. Lat oss no berre faa gjesterne avgarde.

Anjutka. Aa, mor, ho er reint eleg. Og so sint sum ho er! «Det hjelper ikkje noko at de skjenkjer folk fulle for aa verta meg kvitt!» seier ho. «Eg gifter meg ikkje korso. Eg vil helder døy!» seier ho. Aa, mor, um ho no gjeng av og døyr? Eg er so rædd!

Anisja. Ingen faare med di. Ho døyr ikkje denne gongen. Men du skal berre lata vera aa gaa inn til ho. Kom no! (Dei gjeng).

Mitritsch (kjem inn porten og gjev seg til aa sanka upp det høyet som ligg saadt utover tunet). Aa Herre Jesus! Barmhjartige Mikola! Alt det brennevin dei hev tylla i seg! Det stend sniken av det heilt ut paa