Side:Tolstoi-boki.djvu/147

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Fjodor. Det kan du ha rett i; berre det no held seg uppatt med pengarne...

Matrøna. Nemn det aldri. All den vælstand ho fekk etter far sin, Gud have sjæli, er der heil og halden. Halvtanna hundrad — det hev noko aa seia det, i desse tider.

Fjodor. Me er helder ikkje misnøgde; men det er no vaar eigen son, og ein vil daa gjerne stella alt paa det beste.

Matrøna. Tru du meg, go mann: var ikkje eg, skulde du aldri i livet ha funne deg slik ei sonekone. Kormilin sende og bod; men eg stod ved det eg hadde lova: at de skulde faa henne. Kva pengarne vedkjem, so er det som eg seier. Det var det siste han sa, han som burte er — Gud løne hans sjæl! — at enkja skulde taka Nikita til seg i huset — eg hev det fraa min eigen son — og at pengarne, ser du, skulde gaa til Akulina. Hadde det vore ein annan, vilde han nok ha aust i si eigi hit; men Nikita er ikkje av det slaget. Han legg heile sumen paa eit brett. Og det hev noko paa seg: sodan ein pengeslump!

Fjodor. Det gjeng ord um at der skal vera fleire bungar ved tausi. Han gløymer nok ikkje seg sjølv. Nikita er ikkje so dum.

Matrøna. Aa, du kjære Guds lamb! Andre folks pengar er tunge aa telja; ein kopek vert so lett til ein rubel. Ver du trygg, de fær nok kva de skal ha. Eg seier deg, at lat det reknestykket