Side:Tolstoi-boki.djvu/143

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Nikita. Kva er det for ein undergang? Det maa du daa fyrst gi grunn for.

Akim. Undergang, det er ordet, undergang. Du hev gjenge heilt under. Kva sa eg ikkje alt i sumar?

Nikita. No, kva sa du daa? Du sa so mangt.

Akim. Det var den foreldrelause gjenta, me rødde um. Eg sa du hadde gjort henne urett.

Nikita. Sjaa der er han med det att! Skal me rippa uppatt den greia? Det er daa slutt for lenge sidan.

Akim. Slutt? Nei, kjære, det er ikkje slutt. Den eine Syndi dreg den andre etter seg, og du vasar deg heilt inni synd, Nikitafar. Du hev sokke djupare og djupare, og no sit du i det til uppum øyro.

Nikita. Set du deg no ned og drikk ein kopp te, og so er den tunna tom.

Akim. Nei takk, eg skal ingen te ha. Alt det fæle eg her hev set, stend og kjeglar meg for bringa. Eg kan ikkje drikka te saman med deg.

Nikita. Han driv paa med sitt han. Kom no berre og set deg hit til bordet.

Akim. Rikdomen hev tulla seg umkring deg som eit garn som snører seg ihop um deg... ja, nett som eit garn. Aa, vesle Nikita, far! kom ihug det er sjæli det gjeld um.

Nikita. Kva rett hev du til aa koma her og reida meg til i mitt eiget hus, maa eg spyrja? Kva er det igrunnen du vil, naar det kjem til