Side:Tolstoi-boki.djvu/144

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


stykket? Eg er daa ingen gutunge for deg, veit eg, so du kan ruska meg i luggen. Det er ikkje lenger skikk og bruk det no tildags.

Akim. Nei, det er visst og sant. Eg høyrer kor sønerne no tildags ruskar sin gamle far i skjegget; men det fører altsaman berre til undergang, til undergang.

Nikita (sint). Me hev ikkje bede deg um noko enno. Det er du som kjem og hev bruk for oss.

Akim. Du meiner pengarne? (peikar paa setelen som ligg paa bordet). Der er pengarne dine. Eg vil helder tigga meg fram en taka noko av deg.

Nikita. Hald no upp, kvi skal du vera so lei, og blekkja gleda i laget? (tek han i handi).

Akim (riv handi til seg). Slepp meg! Eg ver her ikkje. Eg vil helder liggja paa landevegen en vera ein time lenger i denne søyla som du liver i. Tvi vere det! — Aa, Herre! forlat meg mi synd! (gjeng).

Nikita. Den var god!

Akim (opnar døri att og seier inn). Tenk deg um kva du gjer, Nikita! Kom ihug at det er sjæli det gjeld (gjeng).

Akulina (tek kopparne). Naa, skal eg so skjenkja i elder ikkje?

(Togn).

Mitritsch (med eit rop). Aa, Herre Jesus! Forbarm deg over meg arme syndar!

(Nikita skvett upp, Akulina og Anisja set i eit lett skrik).

Nikita (legg seg so ang han er paa benken). Eg hev slik hugverk. Akulina! Kvar er munspelet?