Side:Tolstoi-boki.djvu/142

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


(skjenkjer likør i eit glas). Og her hev du bygaave. (sender henne den pakken han fyrst sat paa. Ho tek imot, og rister paa hovudet).

Akim (kryp ned av omnen og tek paa seg pelsen; gjeng so burt til bordet og legg fraa seg tirubel-setelen; til sonen). Der hev du pengarne dine; gjøym dei so.

Nikita (utan aa sjaa setelen). Kvar skal du hen ennast du alt er komen i klædi.

Akim. Jau, eg vil gaa no. Du maa kje verta lei (tek huva og beltet).

Nikita. Det var daa rart! Kvar vil du hen nattes tider?

Akim. Tingen er, eg kan ikkje vera her i huset hjaa dykk; eg kan ikkje vera her, det er tingen. De fær orsaka.

Nikita. Kva er no det for noko... vil du gaa?... fyrr du fær te?

Akim (bind beltet um seg). Eg gjeng, ser du, avdi ein ikkje likar seg hjaa deg, Nikita-far. Det er eit skrøpelegt liv du liver, vesle Nikita, det er tingen! Og diso gjeng eg.

Nikita. Naa, lat no det snakket fara, og set deg ned og faa deg ein te-kopp.

Anisja. Men kva er det, bestefar! Du gjer oss daa til skammar for folk. Kva er du fortroten for?

Akim. Eg er ikkje fortroten, slett ikkje. Det er ikkje det som er ivegen. Men tingen er, eg ser at sonen min gjeng... i sin undergang... sonen min... det er tingen... i sin undergang.