Side:Tolstoi-boki.djvu/133

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Nikita. Det er tingen! (raver inn).

Anisja. Du burde no sjaa deg fyre kven her er.

Nikita. Far? No ja, kva so? Eg skjemmest slett ikkje over far min. Eg kan visa han all vyrdnad. Godag, far! (bukkar og flir han handi). Eg hev den æra.....

Akim (utan aa helsa). Der ser ein kva brennevinet gjer, kva brennevinet gjer med eit menneskje. Fy!

Nikita. Fy, seier du? For det at eg hev drukke? Ja, der hev eg urett, det skal du ha rett i. Eg fekk meg ein liten taar med ein god kjenning, som eg maatte ynskja til lukke....

Anisja. Gakk og legg deg.

Nikita. Kjering! Kvar stend eg? Ut med det!

Anisja. Lat no det vera. Gakk no og legg deg.

Nikita. Eg? Nei, eg skal fyrst ha meg eit glas te saman med far! Gjer temaskina istand. — Akulina! kvar vert det av deg?

Akulina (kjem inn, svært utstasa, hev pakkar under armen. Til Nikita). Korleis er det du hev sumla med sakerne? Kvar er traaden?

Nikita. Traaden? Traaden er der ute. Hei Mitritsch! Kvar er du? Søv du? Gakk ut og stell med hesten.

Akim (skodar paa sonen utan aa sjaa paa Akulina; avsides). Det er soleis han steller seg! Der hev gamlen truska og slite so han er reint utkjøyrd,