Side:Tolstoi-boki.djvu/134

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


og han her hev berre belgja i seg. «Gakk ut og stell med hesten.» Fy! Nei, det ber ikkje til.

Mitrisch (kryp ned av omnen og tek paa seg filtskorne). Aa Herre Jesus! Er det hesten eg skal spretta fraa? Han er nok godt tilflidd, vil eg tru. Bitter det, kor han hev hylja i seg! Berre han ikkje gjeng av og rimnar! — Aa Herre Jesus! Heilage Mikola! (slengjer ein pels over seg og gjeng ut).

Nikita (set seg ved bordet). No, ver no ikkje vond paa meg lenger, gammeln! At eg hev drukke det er rett nok; men kva er det so aa gjera ved det? Um det so er ei høne, vil ho ha litt aa drikka. Hev eg rett elder ikkje? Lat no det vera godt. Mitritsch tek det ikkje ille upp; han syter nok for hesten.

Anisja. Er det aalvor med at eg skal gjera temaskina istand?

Nikita. Javisst er det aalvor. Her er daa far, og me vil sitja og drøsa litt, og faa oss ein tekopp..... (til Akulina). Hev du so bore inn sakerne?

Akulina. Sakerne? Mine eigne hev eg teke; dei andre ligg ute i sleden. Ja dette her er daa ikkje mitt. (slengjer ein pakke paa bordet og gjøymer det andre i dragkista si).

(Anjutka stend og ser paa. Akim sit ved omnen og turkar paa sokkarne sine.)

Anisja (gjeng ut med temaskina). Kista var full fyrr; men sjaa til um han ikkje hev gjort nye innkjøp.