Side:Tolstoi-boki.djvu/132

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Nikita (i døri). Anisja! Kjering! Kven er det som er komen?

(Anisja gløser paa han tagall, snur seg so fraa han att og driv paa med vasken).

Nikita (hardt). Kven er komen? Elder hev du kanskje gløymt.....?

Anisja. Lat no det vera, og kom inn.

Nikita (høgare). Kven er komen?

Anisja (gjeng burt til han og tek han i handi). No, mannen i huset; gakk so inn.

Nikita (stritar imot). Det er tingen! Mannen i huset. Men kva heiter mannen i huset? Kom med det som det skal vera.

Anisja. Aa, gakk med deg — Nikita.

Nikita. Det er tingen! dumme kvinfolk; men farsnamnet!

Anisja. Akimitsch. So er det vel godt nok!

Nikita (framleies i døri). Det er tingen! Men etternamnet?

Anisja (lær, og prøver aa draga han inn). Tjilikin. — Kor han hev hylja i seg!

Nikita. Det er tingen! (held seg i dørkarmen). Nei, men vil du seia kor Tjilikin gjeng inn i stova.

Anisja. Lat det no vera nok med dette tullet. Du slepper daa ut all varmen.

Nikita. Nei her hjelper ingi kjære mor. Du skal seia det! Kor gjeng han so inn i stova?

Anisja (avsides). Eg fær no ikkje fred. (høgt). No, med vinstre foten fyrst. Kom so inn.