Hopp til innhold

Side:Tolstoi-boki.djvu/126

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Akim. Men kva eg skulde sagt — kvar er kona di?

Mitritsch Kona mi? Kona mi er der ho skal vera. Ho gjeng paa gjødsle i byen. Det er raust kjelle det, kan du tru. Ho gjeng med farga lampar under augo, og fjeset er skruva heilt um paa sida. Giv ho maa faa ein agurk paa tvert i sin hals um ho nokon gong er ædru!

Akim. Naa, naa, naa, kva er det eg høyrer ?

Mitritsch. Ja kva skal vel ei soldatarkjering gjera? Ho er no det ho skal vera.

(Togn).

Akim (til Anisja). Men kva drog so Nikita til byen med? Skulde han selja noko paa torget?

Anisja (som ber paa bordet). Nei han hadde slett ikkje noko med seg. Han skulde berre inn og taka pengar or banken.

Akim (ét). Taka ut pengar? Hev de daa noko fyre som det maa pengar til? elder....

Anisja. Nei me hev inkje bruk for dei. Det er berre ei tjuge tredive rublar som no skulde ut, og so maa dei daa hentast.

Akim. Maa dei hentast? Men kvi skal dei hentast? Ein dag tek ein ut nokre, ein annan dag tek ein ut nokre til, og fyrr ein ser seg um, hev ein teke allesaman.

Anisja. Nei, det er berre renterne. Pengarne fær staa iro allesaman.

Akim. Allesaman? Korleis allesaman? Du tek og tek, og der vert likevæl allesaman.