Side:Tolstoi-boki.djvu/125

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

att, og daa eg ikkje hev nokon fast stad aa halda meg til, tok eg meg tenest, (geispar). Aa, du gode Gud!

Akim. Men korleis er det; kva gjer vesle Nikita daa? Paa den maaten er det daa eitslag han hev fyre, med di han leiger ein til aa arbeida for seg?

Anisja. Kva skulde han ha fyre? Fyrr greidde han arbeidet aaleine; men no hev han fenge anna i hovudet, og so hev han festa seg dreng.

Mitritsch. Han hev daa pengar. Kvi skal han so taka seg nær?

Akim. Nei der maa du orsaka, der maa du rett orsaka. Det er daa berre aa for venja seg, som ein seier, berre aa forvenja seg.

Anisja. Ja han er misann so utskjemd at det er fælt.

Akim. Det er tingen. Ein tenkjer aa gjera det paa det beste; men menneskja spaar, og Gud raar. Rikdom skjemmer eit menneskje, rikdom berre skjemmer.

Mitritsch. Um det er ein hund, so toler han ikkje aa ha gode dagar, kor mykje meir daa eit menneskje. Lukka gjer storsnuta. So gjekk det med meg og, daa eg hadde det godt. Eg drakk som ein svamp i heile tri vikor. Tilsist drakk eg upp mi siste brok. Daa eg so ikkje hadde noko meir aa drikka for, lét eg det vera. No hev eg svore paa at eg aldri meir vil smaka ein dram. Eg vil ikkje sjaa brennevin meir for mine augo.