Side:Tolstoi-boki.djvu/124

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


av seg). Tingen er, eg hadde noko lite eg skulde tala med han um, litegrand eg skulde tala med han um, vilde eg sagt. Eg nemnde det her um dagen, kor vondt me var komne i det. Tingen er, me miste hesten, den vesle hesten me hadde. Og so skulde ein sjaa gjera utveg for ein annan, kor det so gjekk. Sjaa det er tingen. Og det var nok det eg kom for.

Anisja. Ja, Nikita rødde um det. Naar han kjem heim, kan de no tala med han um tingen. (gjeng burt til omnen). Faa no litt mat fyrst, so kjem han nok medan. Mitritsch, høyrer du, Mitritsch, kom so og et.

Mitritsch (ropar). Aa, Herre Jesus! Aa, du barmhjartige Mikola!

Anisja. Kom so og et.

Aksinja. Nei eg maa daa sjaa koma meg avgarde. Farvel daa! (gjeng).

Mitritsch (kryp ned av omnen). Fyrr eg visste ord av det, hadde eg somna. Aa Herre Jesus! Du fromme Mikola! — Godag, fader Akim!

Akim. Men det er daa Mitritsch! Kor gjeng det til, at....

Mitritsch. Jau eg tenar her hjaa Nikita, hjaa sonen din.

Akim. Æhæ! so du tenar her hjaa sonen? Æhæ!

Mitritsch. Eg tente fyrr hjaa ein kjøpmann i byn. Men der slo eg meg paa flaska, og drakk upp mi siste skjorte. So tok eg ut paa landet