Hopp til innhold

Side:Tolstoi-boki.djvu/123

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

du soleis læt han hanska som han vil. Det er daa dine pengar, han øyder.

Anisja. Aa visste du berre kor det rett heng saman! Men det forstend seg, i eit stykke hev eg bore meg dumt aat.

Aksinja. Var eg i din stad, Anisja, so vilde eg beintfram gaa til øverheiti og klaga mi sak. Pengarne er daa dine. Kor kan han da gaa so og øydsla med dei? Det er det daa ingen lov for.

Anisja. Det spør dei ikkje etter notildags.

Aksinja. Men kor er det med deg, Anisja, du hev daa reint mist modet.

Anisja. Ja det er det eg hev. Eg duger ikkje meir til noko. Han hev plent forgjort meg, so eg veit korkje ut elder inn. Aa, eg arme menneskje!

Aksinja. Eg synest der kjem einkvan.

Akim (kjem inn og krossar seg for helgenbilætet). Guds fred i huset! Godag, Anisja. Kor stend til?

Anisja. Takk, bestefar! Kjem De heimanfraa?

Akim. Det kom so fyre at eg tenkte: «Lat meg lydast um sonen. Lat meg lydast um sonen,» tenkte eg. Eg gav meg god tid og aat fyrst. Etter middag gav eg meg paa veg, og tenkte endaa aa koma i rett tid; men det snøar so, at det fell tungt aa gaa, og so kom eg so seint. Det er tingen. Kvar er so sonen? Eg meiner, er Nikita heime?

Anisja. Nei han er i byen.

Akim (set seg paa benken ved døri og tek bastskorne