Side:Tolstoi-boki.djvu/122

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


berre eg ser han, er det slutt, og eg kan ikkje vera harm paa han lenger.

Aksinja. Ja kva anna er det so en djevelskap Og fandens kunstar? Der skal somenn ikkje stort til for aa øydeleggja eit menneskje. Det er daa ei ynk aa sjaa kor du hev folle or.

Anisja. Ja eg er so avpila som ei beinrad. Men sjaa no Akulina, det sauehove. So skitsam og puski som ho var, og so som ho no ser ut! Ho er ikkje til aa kjenna att. Det er han som hengjer klædi um ho, kan ein vita; men kor som er, so som ho veit aa spjaanka seg ut, og so som ho blæs seg upp som ei onnor okseblaase. So dum ho er, hev ho daa sett seg i hove, at det er ho som raar her i huset. «Garden er min,» seier ho, «og det var meiningi aat far aa gifta han med meg.» — Og so illbeitt er ho — du gode Gud og skapar! naar ho kjem rett paa galne mølet vil ho mest riva taket av huset.

Aksija. Ja det maa vera eit hardt livnet, ditt arme ting, naar ein rett ser til. Folk er jamt so ovundsjuke. «All den rikdom det er der i huset,» seier dei; men ein ser: «det er ikkje gull alt som glimer.»

Anisja. Ja det er rett noko aa ovunda paa! Den rikdomen fær nok snart føter aa gaa paa. Han sumlar med pengarne so det er grøtelegt.

Aksinja. Eg veit ikkje kor det er vore at