Side:Tolstoi-boki.djvu/121

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ein rus, gjekk det altid so stilt av. Han drakk fyrr og, men me kom daa altid so godt utav det for det. No, naar han fyller seg, er han reint galen og var tilfreds han fekk trakka folk under seg. Her um dagen slog han kloi i haaret paa meg, so eg nær ikkje hadde sloppe fraa han. Og ho fyrkja er verre en ormen. Eg veit ikkje kor jordi kan vilje bera slikt eit eitre-kryp.

Aksinja. Ja det er rett synd i deg, stakkars kone. Kven kan vel tola sodant? Slik ei skamløyse! Du hev teke han i huset for sælebot, og no skal han ha deg til narr for umaken. Men eg veit helder ikkje kor det er vore, at du ikkje kan halda fyren i tøyme noko so nær.

Anisja. Aa du kjære sjæl, det er ikkje raad med meg; hjarta ligg til han kva han so gjer. Um nokon var streng, so var det fyremannen min, Gud have sjæli; men eg gjorde daa likevæl nett som eg vilde, og det var altid eg som sa kvar skaapet skulde staa. Her kan eg det ikkje. Berre eg ser han, er det som all harm braanar. Eg kjem meg ikkje til noko, men gjeng berre trippar som ei vaat høne.

Aksinja. Anisja! det kan ikkje anna vera, en at du maa vera forheksa. Dei seier Matrøna driv med slikt. Det er plent ho.

Anisja. Ein skulde mest tru det. So krenkjande det kan vera til sine tider. Eg synest, at eg gjerne kunne riva augo ut paa han; men