Side:Tolstoi-boki.djvu/127

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Jau visst! Fyll du mjøl iei kasse, og tak so av det kvar dag, og sjaa so kva der vert att i kassa. Allesaman! Nei det kan ikkje gaa rett til. Sjaa du til aa faa greie paa tingen, so dei ikkje narrar deg. Allesaman! Du tek og tek, og dei er der likevæl allesaman?

Anisja. Ja, eg forstend meg ikkje noko paa det. Det var Ivan Moseitsch som raadde oss til aa stella oss paa den maaten. «Legg de pengarne i banken,» sa han, «der er dei trygge, og so kan de berre taka renterne.»

Mitritsch (som no er ferdig med aatnaden). Det er eit sant ord. Soleis var det og med kjøpmannen der eg tente. Dei folk ber seg altid eins aat: Pengarne i banken, og so kan du sjølv leggja deg paa latsida, og hev ikkje anna aa gjera en aa taka inn det du fær for kvar aarsbolk.

Akim. Det var daa noko løglegt. Taka inn. Eg skal berre taka inn; men kven skal dei so taka det fraa, dei som gjev meg pengarne?

Anisja. Pengarne fær ein i banken.

Mitritsch. Kva for ein smed? Men det er sant, kor skal vel eit kvinfolk forstaa seg paa slikt? Nei høyr du helder paa meg, Akim, so skal eg greia tingen ut for deg. Ser du. Lat oss seia at du hev pengarne liggjande, og eg hev vaaren i vente; men jordi ligg brak, eg hev ikkje saakonn, elder eg skal bruka pengarne til avgifter. So kjem eg til deg og seier: «Akim, laan meg ti rublar til ut paa hausten. So snart eg fær