Side:Tolstoi-boki.djvu/114

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

garne er det,» seier han, «som driv naglen.» Sa du ser, far, at det gjeld aa ha eit auga paa kvar finger.

Nikita. Kva skil det meg? Det er daa hennar pengar, og daa kan ho sjølv staaka med det.

Matrøna. Kor kan du no tala so, far. Er eit kvinfolk istand til aa klara for seg? Um ho fær tak i pengarne, kor skal ho so klara for seg? Eit kvinfolk er og vert eit kvinfolk; men du er daa ein mann. Du veit aa løyna det andre ikkje skal sjaa. Du hev no altid meir vit, naar det kjem til stykket.

Nikita. Det er ingi utkome med dykk kvinfolk. De kan ikkje taka imot fornuft.

Matrøna. Korleis er det? Hogg no du pengarne, so hev du magti over matmor. Og skulde ho sidan setja seg paa høganhest, so veit me nok det som kan temja.

Nikita. Lat meg no berre vera. Eg gjeng min veg.

Anisja (kjem bleik i anlitet farande ut av huset og spring burt til Matrøna). Han hadde dei paa seg. Her er dei. (syner noko ho held under fyrklædet).

Matrøna. Gjev dei til Nikita, so skal nok han ta vare paa dei. Nikita! tak dei no og gjøym dei.

Nikita. Ja, kom so med dei daa Anisja. Aa Gudfader! Eg trur nok at eg sjølv .... (gjeng burt til porten).

Matrøna (triv henne i armen). Kvart hev du tenkt